onsdag 2. oktober 2013

Jordeplegraut er haustmat

Da eg kom til Telemark for 30 år sida, så var det kvart år snakk om jordeplegraut om hausten.
Naboer og vener gledde seg til at dei skulle ha jordeplegraut eller klappa seg på magen for at dei hadde spist til middag.
Eg kunne ikkje forstå at dette skulle vere så spesielt. Etter beskrivelsen så minte det svært om potetstappe - berre at det var mjøl i.

Så vart vi omsider bede til haustmiddag med denne tiljubla retten.
Eg gledde meg! - og undra meg over at det var surmjølk i glaset.

Skuffelsen var stor.!
Eg hadde problem med å svelje grauten. Den ville ikkje ned gjennom spiserøyret! Redninga var surmjølka. Den laga ein oping så noko av grauten fòr ned . . . 

Seinare ein gong sto same rett på meyen på eit kveldsmøte. Eg spiste meg mett før eg dro, men ville smake litt. Denne gongen var grauten mykje snillare. Det var grovt mjøl i og konsistensen var heilt OK.
Så vart eg i hus med ein sørlending. Han hadde potetåker og laga potetgraut. Da visste eg kva eg hadde i vente, og vart ikkje skuffa. Grauten var god!

No et vi slik graut kvar haust og eg gler meg . .
I dag åt vi årets tredje potetgrautmiddag med Kviteseidsmør !    
 Vi feira at årets avling er i hus.



Lenge trudde eg at dette var jordepler . . 
Dei skal vere giftige. 
Ein kan dele dei, ta ut frøa og så til neste år, men det er ein lang prosess og dei som har prøvd seier at avlinga oftest er skuffande.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar