fredag 31. mai 2019

Matte i rødt og blått



Endeleg ser eg enden på renninga i den siste vevstolen eg fekk.
Det var eit arvestykke laga av ein i slekta.

Måtte prøve den, men den har strammehjulet på innsida og det er tungt å kome til når ein skal sleppe fram veven.

Det blir i alle fall ikkje fleire matter i den vevstolen.
Kan hende set eg opp ei smalare renning som ikkje må vere så stram . . 

Eg tek ofte bilete av starten på matta - slik at eg sluttar av på same vis.

Første matta eg vov her var ei bestilling på ein kopi av ei gamal matte som var vevd i 40-skei. Den vart for tett og tynn etter min smak.
Da eg tok ned den tredde eg om - slik at det vart to tråder i anna kvar tinn.
Da blir matta noko tykkare.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar