Ein nabo spurde om eg ville være sveipehjelp. Ho hadde rent ei 10 m lang renning til løpar.
Fekk nesten
hakeslepp da eg såg renninga: - tynnaste bomull 20/2 i mange fargar.
Ho var lei einsfarga renning berre med striper eller bordar på tvers.
Fargane ba om å bli langsgåande striper!
Eg er
imponera over kva ein 93-åring set i gang med og tenkjer på alle vevårane eg
har framføre meg – om jeg held meg sprek like lenge!
Ho hadde lova seg skjølv at om ho falla inn alle brikkene, skulle ho sette opp ei fargerik renning neste gong . . .
Snakk og sjølvdisiplin!
No var 10 brikker i ulike innslagsfargar ferdige og ho har ei renning med 6 fargar i veven.
Eg spurde om eg skulle kome att og hjelpe til med nedknytinga.
" Nei, det er da ikkje noko problem - berre å ta tida til hjelp. . . .og tid har eg nok av!"
Eg spurde om eg skulle kome att og hjelpe til med nedknytinga.
" Nei, det er da ikkje noko problem - berre å ta tida til hjelp. . . .og tid har eg nok av!"
Tenk å kunne drive med veving i sli høg alder! Håper vi vert like heldige :) Koseleg å få lesa slike historier.
SvarSlettDet hører med til historia at hun skulle bruke 100/10-skei.
SlettRenningstrådene skal trees gjennom 10 "nåløyer" pr cm . .