onsdag 18. desember 2013

Svartjoleftan og julematte frå Røros

 
Det går mot jol og eg har meire lyst til å veve enn å pynte. Er ferdig med ei dongerymatte og har starta på ei julerye som liknar på ei  eg såg i boka til Anne Grete Sandstad som heiter Filleryer.
Boka tek for seg veving av matter med norske mønstre og vevtradisjoner. Den startar med en historisk del med mange bilete av ryer frå Trøndelagsdistriktet. Det står om klipping av filler, om veving, vask og stell.

Eg fekk lyst til å veve ei jolematte frå Rørosdistriktet.
Dei tok fram mattene rett før jol og lot de ligge ut året. Så vart dei pakka bort til neste jol. Mattene hadde ofte svarte felt med bordar i raudt og grønt. 
Eg skal til med ein grøn bord no.


Så var det joleølet.

Det nystarta FJELLBRYGGERIET i Åmotsdal i Vest-Telemark har satsa mykje og kom no i haust med tre slag øl.
Vi likar mørkt øl og var veldig spente på joleølet som har det klingande namnet:

SVARTJOLEFTAN 

Det er lokalord på kvelden før kvelden.
Det vart prøvesmaka i kveld, og det var nesten svart, hadde god fylde og  mange smakar. Ikkje direkte matøl, men passar truleg godt til kaker og anna søtsaker.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar