søndag 20. juli 2014

På fjelltur med akebakker i juli

To lokale kjentfolk losa oss opp til kommunens høgaste topp på 1547m oh. - og etterpå over steinute og bratte parti ned til bunnen av dalen der bilane sto.

Utruleg at det var så mykje snø i fjellet i siste delen av juli.
Turen gjekk over bekkar og snøfennar. Vi hoppa frå stein til stein på ein litt skummel sti ned brattaste lia.

Alle kom uskadde ned frå ein tur i strålande vær. 
Passe overskya, så vi ikkje vart skambrende og med litt vind på toppane, så vi fekk kroppstørka svette ryggar.

Vi fekk sjå reinsdyr på alle kantar på høgaste partiane.
 Eg var heldig og fekk opp kamera da bukken sto i ei snøfonn.


Bikkja i bakken var på plass. Ei skikkeleg sauebikkje som kosa seg med så mykje folk å halde styr på.


Da vi var kome eit godt stykke på nedfarten såg vi dalen der bilane sto laaaangt nedafor oss der elva slynga seg.
Vi kom oss heilskinna ned, men i alle fall eg var ganske ustø på beina og lengta etter badekaret og ein øl. . .

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar