tirsdag 8. mars 2016

Førr ei dame!


Eg var heldig og fekk kjøpe boka: "Ein ny vår ved veven"som er skrive om husflidsdama Synnøve Standal Erdal som bur nær Ålesund.
Ho vart fødd i 1923, men er framleis å finne ved veven.
Omlag halve boka handlar om livet til denne fantastiske dama. Resten av boka er via oppskrifter på vevnader i mange teknikkar.
Eg fall først for innsida av permen foran og bak. Det er kopi av arbeidsbok frå vevskulen.

 Historia om dama er lang. Ho hadde Else Halling og Sunniva Lønning som lærarar på Statens kvinnelige industriskole der ho gjekk frå 1945.
Dei to var unike på veving, spinning  og plantefarging. Dei brukte dei blanke dekkhåra frå spelsauen som ga eit unikt vevgarn.

Synnøve førde kunnskapen vidare til både vaksne og born og fekk innreida  vevstoge heime der ho tok imot elever etter at ho fekk familie.

Ho har vore aktiv i husflidslag, hatt utstillingar, fått stipend og premiar.
73 år gamal opna ho eige galleri heime.

Ho har reist rundt i distriktet for å registrere, ta vare på og kopiere gamle sengeklede.
Dei var vevd i ulike teknikkar og fargar. Dei var sydd saman som ein pose og hadde fyll inni av ullvatt.

Synnøve vov både på flatvev og billedvev. 
I 1998 laga ho ei stort billedvevteppe til dronning Sonja som kom på besøk til Ålesund.
Boka er full av bilete. Det er klede som er laga til borna og til seg skjølv - frå ho var 14 år.
Det erbilete og oppskrifter på tradisjonelle åkle, løparar og dukar og på nokre vevnader ho har komponera skjølv.


4 kommentarer:

  1. Boken ser spännande ut. Känner du möjligtvis en nätbutik i Norge som levererar böcker till EU?
    Med hälsningar från Tyskland
    Marlies

    SvarSlett
    Svar
    1. Forlaget som ga ut boka i 2005 er avviklet. Du kan eventuelt prøve klio.no eller bokbörsen.se - eller så kan du legge sommerferien til Ålesund. Dama har eget galleri der.

      Slett
    2. Vad synd, förra året var vi i Norge och bland annat i Ålesund och jag visste inget om galleriet. Tack för web-adresser, ska leta där efter boken.

      Slett
    3. Har sendt deg ei melding på facebook, maliz. Kanskje vi finner ei løsning slik at du kan få boka tilsendt.

      Slett