søndag 4. mai 2014

Så lang ei renning - Gunnhild Stormo





Så lang ei renning sette mor og far opp i veven sin.
Dei hjelptest åt og bomma på  
-såg etter at trådene vart rette,
at trådene låg stramt attåt kvarandre.
Trædde trådene først i hovelauge,
der snurr og feil vart retta.
Far smegla skeikrok og mor bruka han.
Trædde skeia.
Renningstrådene knytt til tøybommen.

Der låg varpet.
Oppknytt og nedknytt.
Klar til å ta i mot innslag.

Og innslag kom.
Vi var vel borti renninga rett som det var alle,
og slo inn nokre tråder.
Litt hulter til bulter.
Ujevne jarekanter.
Tråder som gjekk av og måtte bøtast.

Mange små og store hender skytla
 – føter trampa.
Det var grunnfargen, varpfargen,
vi bruka som islett.

Vi søskena skytla inn våre eigne farger,
såg alle kor godt det høvde,
kor stoffet vart meir levande.
Vi kom med vår farge
som skulle inn i det kolossale vavstykket.

Med spaning møtte vi
fargane som vart førde inn i vår vev.
Kjente på kvaliteten: Prima!
Dei passa vår vev.
Dei passa vår varp.

Da fargane vart retteleg festa,
såg vi kor vakre dei var,
kor dei lånte bort litt av seg til alle,
og gav veven ein ny dimensjon.

Med kvart kom mange fargar inn.
Ja, det vart som ein regnboge.
Og no tar vi denne veven
og spenner han over himmelkvelven
som ei regnbogebru.

Det er ikkje hol og tomrom å sjå
vi har fått farge av kvarandre alle.
Dei som har gått bort er der i regnbogebrua,
og vi ber alle litt av fargen deira i oss.

Tenk – det som gjer regnbogen så vakker og synberr
er solstrålane !                                                               Gunhild Stormo

1 kommentar: